Stor volleyballhelg for Oslo Volley – mange lag i aksjon

SLIK SKAL DET GJERAST: Oslo Volley 1999 slo Koll sist helg i U17-serien. Klarer herrelaget å fylgje opp?

Damer elite skal ut i toppkamp mot Stod i Trøndelag og herrelaget i prestisjefylt oppgjer mot Koll på heimebane.

Mange meiner at gullkampen også i år vil stå mellom Oslo Volley og Stod på øverste nivå. Laurdag møter dei kvarandre for første gong denne sesongen. Og som alle hugsar: I fjor måtte Stod gje tapt mot Oslo Volley både i serien og i cupen.

Herrelaget toppar serien etter dei to første kampane, og Stig Jørstad og spelarane vil gjerne ha same plasseringa også etter denne serierunden.

Møt opp i Nydalen for å heia herrelaget fram til siger i lokaloppgjeret kl. 16.00!

I 3. divisjon skal Oslo Volley sitt herrelag ut i kampar mot Bø og Polonia.

Også dei yngste i klubben skal på bana, med minivolleyturnering i Nydalen.

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script