Ingvild nyt profflivet i fransk toppvolleyball

Ingvildfrance

Saman med spelarar frå sju andre land skal Ingvild Sørdal kjempe om poenga i den franske toppdivisjonen.

Oppleggaren gjekk i sommar frå Oslo Volley til proffklubben Terville-Florange Olympique. Klubben held til  i byen Terville, nord-aust i Frankrike.
– Så langt trivst eg veldig bra i Frankrike. Eg har blitt veldig godt tatt i mot i den nye klubben og har fått eit svært godt inntrykk både av dei som driv klubben, trenarteamet og spelargruppa, seier Ingvild.

Comeback i toppen

Klubben, TFOC, rykte opp frå 1. divisjon sist sesong. Forrige gong dei var i toppserien var sesongen 2011/2012.

– Då rykte dei altså ned igjen med fattige 2 poeng! Ligaen skal visst vere veldig jamn, alle kan slå alle, så det gjeld å vere på topp til kvar kamp. Klubben sitt mål er å nå sluttspelet, der åtte av tolv lag deltek, fortel ho.

Og sjølv om miljøet var internasjonalt i Oslo Volley óg, så er det hakket meir globalt i den franske klubben.

Laget består av to franske jenter, tvillingar frå Estland, ei frå Hellas, ei frå Serbia, ei frå Canada, ei frå Trinidad og Tobago, ei frå USA – og ei frå Noreg! Så ein god miks med andre ord, fastslår Ingvild.

–  Korleis er spelestilen samanlikna med Oslo Volley?

–   Så langt er ikkje spelestilen og filosofien til trenaren min, som opprinneleg er frå Romania, så veldig forskjellig frå slik Oslo Volley har spelt dei siste åra under Marko. Overgangen har ikkje vore spesielt stor, meinar ho.

 

– Kun volleyball!

Medan ho i Oslo hadde fulle studiar på dagtid, så artar profflivet seg annaleis.

–  I år spelar eg kun volleyball, ingen studier/jobb eller andre forpliktelsar! Så langt har det vore heilt topp, håper eg ikkje kjeder meg for mykje når vinteren kjem.

Ingvild France 2

Dei første tre vekene har ho og lagvenninnene trent minst to økter/fem timar om dagen, både volleyball og fysisk trening som løping og styrke.

– Den franske eliteserien er ein profesjonell liga, noko som betyr at det må vere minst 10 spelarar på kontrakt i klubbane. Dermed har også klubbane høve til å trene meir, sidan spelarane ikkje må jobbe/studere ved sidan av, påpeiker ho.

– Kva råd har du til unge spelarar?

– Råd til unge spelarar – hmm… Legg kvalitet i kvar treningstime du har. Ofte er det mangel på timar/touch som er problemet for norske volleyballspelarar. Vær nøyaktig og konsentrert på trening. Finn ut kva som motiverar deg og bruk det for alt det er verdt! Gløym alt om janteloven, sei til deg sjølv at du er god og at du har alle moglegheiter til å bli BEST! Og ikkje minst: hugs at VOLLEYBALL ER GØY!

 

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script