Ein epoke er over – Walstad går av som leiar i Oslo Volley

walstad

Mr. Oslo Volley  – John Walstad – har gått av som leiar i klubben etter heile 11 år i førarsetet.

Dermed er ein epoke over – både i Oslo Volley og norsk volleyball. Han forlet ein klubb som står sterkare enn nokon gong før, og etter den beste sesongen i klubben si 14 år lange historie. Styremedlem Ellen Feen peika i talen sin på det enorme arbeidet han har lagt ned gjennom alle desse åra – både på elitelaga og etterkvart i form av ei av dei største junioravdelingane i landet. Walstad har vore sentral i klubben heilt sidan starten i 1999.

Oslo Volley takkar han hjarteleg for alt han har gjort for klubben.

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script