Vann nedre sluttspel – 13. plass på U15-gutta i NM

Oslo Volley slo Molde 2-1 i kampen om 13. plassen. I kampen spela samtlege 12 spelarar i Oslo Volley- troppa.

Første settet var eit jamnt sett der laga fulgte kvarandre tett. Molde var sterkast, og vann til slutt 25-21. Til andre settet kom heile fem nye spelarar inn på bana, og vi fekk god kontroll. Settet endte til slutt 25-13 til Oslo Volley. I tiebreaket hadde U15-gutta våre ein litt usikker og famlande start, og hamna godt bak poengmessig. Men dei reiste seg igjen, viste flott angrepsspel, og vann 15-12.

Dermed kan NM oppsummerast slik: Vi tapte knepent første kampen mot Farsund (9-25, 25-21, 12-15) etter eit veldig svakt førstesett, strålande andresett og og eit surt tiebreak-tap. Det førte til at vi ikkje gjekk vidare, for vi var sjanselause mot KFUM-Volda i den andre kampen i gruppespelet.

Men gutta reiste seg etter skuffelsen over å ikkje gå vidare, og vann tre kampar på rappen i nedre sluttspel mot Hornindal, Lierne og altså Molde. Og det beste av alt – dei viste masse flott spel.

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script