Flott spel mot Lierne – klar for finale i mellomspelet

NM-gutta slo Trøndelags-meisterane Lierne 2-0 etter ein litt treig start på førstesettet.

U15-laget vårt kom langt bak poengmessig i starten, men klarte å snu settet til sin fordel og vinne 28-26 etter masse flott spel. Og dei heldt fram med flott spel i andresettet der Hans-Iben slo inn den avgjerande ballen til 25-19. Lierne vann tidlegare i år regionsmeisterskapet for Trøndelag.

Dermed har gutta slått begge sine motstandarar i mellomspelet, og møter søndag vinnaren av den andre gruppa i mellomspelet – Molde volleyballklubb. Vinnaren i den kampen kaprar 13. plassen.

Elles gjer Region Øst ein svært god profil i sluttspelet. Heile tre av semifinalelaga er frå regionen, og Askim er klar for finalen etter å ha slått  Asker i semifinalen. Flint spelar laurdag ettermiddag semifinale mot Sotra.

 

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script