Topp trenarduo til 2. divisjon damer

Ivar Fossen og Ingvild Sørdal har takka ja til å vere trenarar for Oslo Volleys 2. divisjonslag for kvinner.

Ivar har over 40 års erfaring frå norsk volleyball, deltok i sitt første NM allereie i 1964 og har fleire seriemesterskap frå toppserien på 1970-talet. Han har dei siste åra vore hjelpetrenar for våre elitelag, og har vore sentral i Oslo Volley heilt sidan klubben blei etablert. Les meir om Ivar HER

Ingvild er oppleggar på vårt elitelag og på landslaget, og har i ei årrekkje spela for Oslo Volley etter at ho kom til Oslo frå sunnmørsklubben Blindheim. Ho var i fjor trenar for to av våre juniorlag.

2. divisjonslaget vil i år vere spelarar frå Oslo Volley si junioravdeling, saman med ein del meir rutinerte spelarar.

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script