U15 gutar til topps i Ungdomsserien!

VANN U15:

Her er U15-gutta som spela i helga. Bak frå venstre: Christian, Jacob, Mathias, Ole, Sindre, Fredrik, Steffen og Hans-Iben. Midten: Olav, Trym, Knut og Vetle (liggande fremst). FOTO: Steinar Joakimsen

U15-gutta vann helgas runde ungdomsserien søndag. Dei slo Sylling 2-0 i finalen.

Oslo Volley blå vann alle kampane sine. Det andre laget vi stilte med, Oslo Volley sort, gjorde fleire gode kampar, og tapte mellom anna hårfint 2-1 mot Koll, etter 15-9 i tie-break.

U17 jentene tok 5. plass i 1. divisjon laurdag, etter å ha slått Spirit 2-1 i kampen om femteplassen. U15 jenter tok 4. plass i 1. divisjon etter å ha tapt 0-2 mot Asker, og det andre laget vann finalen i 2. divisjon.

U17-gutta sikra seg 3-plassen etter å ha slått Holstad og Asker i innleiande runde, og tap i semifinalen mot Spirit.

I U19-klassa kom Oslo Volleys jentelag til bransefinalen, der Holstad blei for sterke. Flott innsats av alle juniorlaga!

 

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script