Oslo Volley til cupfinalen!

I ein tidvis tett og spennande semifinale i Bergen mot BSI vant Oslo Volley 3-0 med settsiffera 25-21, 25-14 og 26-24.

Edyta Weclawek vart igjen Oslo Volley sin ivrigaste poengplukkar med 14 poeng, også Ragnhild Aas og Mona Fossen fekk bra med poeng med 11 kvar.

I Cupfinalen som vert spelt lørdag 21. januar i Domus Athletica er det nyopprykka Førde VBK som vil stå på motsatt side. Sunnfjordingane slo UiS 3-1 i dagens andre semifinale som vart spelt i Stavanger. Førde og Oslo Volley har møttest i ein seriekamp så langt denne sesongen, ein kamp våre jenter vant 3-1.

Herrane sine semifinalar vert spelt imorra søndag. Då møter Førde VBK Oslo-dødarane NTNUI Gløshaugen i Førde og Nyborg tek turen til Tromsø. Kampane kan du følge på poengliga.no.

 

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script