Oslo Volley arrangerar Østlandsmesterskapet for videregående skular på onsdag og fredag denne veka!

Informasjon til mikslaga som spelar i Bjørnholt Idrettshall onsdag 23. november:

Då nærmar det seg veldig turneringa for dei 9 påmeldte mikslaga på onsdag.
Vi spelar i 3 puljer med kampstart klokka 09.30 i Bjørnholt Idrettshall.

Pulje A: St. Hallvard Vgs., Bjørnholt Vgs 1. lag, Re Vgs 1 lag, .
Pulje B: Skedsmo Vgs, Kongsberg Vgs, Re Vgs 2 lag.
Pulje C: Nesbru Vgs, Hurdal Vgs, Bjørnholt Vgs 2. lag.

Lag som står oppført ovanfor som nr. 1 og 2 i si pulje spelar første kamp med kampstart 09.30. Lag som står oppført sist i si pulje dømmer då denne (f.eksempel Pulje A starter med St. Hallvard mot Bjørnholt Vgs 1.lag og Re Vgs som dommarar).
2. kamp i pulja går mellom tapar i første kamp og laget som dømte denne. Siste kamp i pulja går mellom dei to laga som ikkje har møttest.

Etter puljespelet ryker det dårligaste 3. ar laget ut. Dei 8 andre laga spelar så kvartfinalar, bronsefinalar, finale og plasseringskampar 5-8.

Med dette oppsettet vil alle kampar være ferdig seinast klokka 15.45. NB! Vi spelar kampane fortløpande (dvs. dagen kan bli litt kortare enn 15.45).

Ta med:
eigne oppvarmingsballar,
drakter/t-skjorter med tall på,
spelarliste som bekrefter at spelaren er elev på skulen (signert/stempla),
fløyte til dommaroppgåver.
Ta kontakt med underteikna om det skulle være noko i forkant av turneringa.

Då sjåast vi onsdag!

For Oslo Volley/arr.
John Walstad, Leder
911 96 537
post@oslovolley.org
www.oslovolley.org

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script