Klart for tøffe kvartfinalar i NM!

Veteran-trenaren Drago Ilic er tilbake i Oslo Volley manesjen i sundagens kvartfinaleoppgjer mot NTNUI.

Menn: Oslo Volley – NTNUI, F21/Helsfyr sundag klokka 18.00.

Kvinner: Stod – Oslo Volley, Stod Idrettshall laurdag klokka 18.00.

 

Oslo Volley sine to elitelag skal ut i tøffe oppgjer i cupen denne helga.
Ragnhild Aas og damene slo for første gang til med å kvalifisere seg finalerunden i Nordic League forrige helg. No ventar ein ny hard utfordring for laget når dei reiser til Nord-Trøndelag og møter serieleiaren Stod laurdag kveld klokka 18. Dei to laga har til no vore dei kart beste i eliteserien. Vinnaren her må finne seg i favorittstempelet vidare i NM.

Herrane våre møter NTNUI klokka 18.00 i F21 på Helsfyr. Eit NTNUI lag som vant 1. divisjon ranking og toppar si avdeling. Det går rykter om at laget har store ambisjonar om opprykk! På Oslo Volley er Drago Ilic tilbake som trenar i Corey Cole sitt fråvær. Gunnar Lindstøl og Ole Martin Kleivenes er tilbake på bana for å ta heimelaget vidare i NM.
Som forkamp spelar JU17/JU19 4. divisjonskamp mot Koll i frå klokka 15.45.

Ta turen til F21 søndag kveld og sjå ein god herrekamp. Damene sin kvartfinale kan du følge på www.poengliga.no

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script