Herrane tapte kvartfinalen for eit velspelande Ntnui lag!

Henning og Tor Emil svever høgt i blokk, men det heldt likevel ikkje mot NTNUI k kvartfinalen søndag kveld. Foto: Johannes Andersen.

Ntnui Gløshaugen slo ut våre gutter av årets NM. Det var eit hardtkjempande og tildels velspelande bortelag som fortent nok vant kampen 3-1. Oslo Volley vant kun det tredje settet og sleit med mange feil og tempoproblemer i eige lag. Draga Ilic har gjennomført to gode treningesveker med laget der terping på detaljer og hurtighet i eige spel har stått i fokus. Med litt betre tid vil dette lukkast også i kampane framover.

NTNUI Gløshaugen var eit morsomt bekjentskap med fleire tidlegare elitespelarar på laget. Oslo Volley ønsker dei lukke til i semifinalen i Førde.

NB! Oslo Volley sine damer går til ein ny tøff bortekamp etter trekninga idag mandag. Laget møter BSI borte, truleg vert kampen spelt laurdag 3. desember i Bergen.

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script