Best i byen, igjen!

Henning Olsen var ein fornøgd kaptein etter kampen i Kringsjå Idrettshall laurdag kveld!

 

 

Elite herrer lørdag 26.11 Kringsjå Idrettshall:
Koll – Oslo Volley 2-3 (28-26, 21-25, 25-23, 26-28, 13-15).

I ein forrykande 5. sett kamp der nesten alle setta vart avgjort med minst mulig margin, slo gutta våre byrivalen for 2. gang med 3-2 i årets sesong. Les også HER.

Trenar Drago Ilic var ein tilfreds mann etter kampen og meinar at systemet han har jobbe med å innføre etter hans inntreden for 3 veker sidan no begynner å fungere for laget. Spesielt var han fornøgd med at laget sin amerikanske oppleggar Mike Sauro no spelar slik Drago ønsker.
Laget sin eminente kaptein Henning Olsen vart nok eingong ein av sitt lags mestscorande spelarar frå sin diagonal posisjon, denne gang slått av serbiske Ivan Ristic med 1 poeng (henholdsvis 24 og 25 poeng). Henning var også meget fornøgd etter kampen og meinte at heile laget hadde spelt ein bra kamp. Kapteinen trakk fram blokka som det som skilte laga i den avgjerande fasen, bl.a. polske Marcin Pawlik si blokk på Koll sin matchball i 4. sett og blokkinga når laget snudde 7-11 til sett og kampsiger 15-13.
Utvilsomt ein siger som smakte for laget som har vore gjennom ein tøff periode med trenarskifte, skader og uventa forfall i stallen og eit hardt dugnadskøyr i det siste.
No førebur laget seg til siste kamp før jul borte mot Randaberg 17. desember. Og som kjent er det meir moro å gå på trening med ein siger i beina!

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script