Østlandsmesterskapet og NM kvalik for videregåande skular arrangerast av Oslo Volley fredag 25/11 i Bjørnholthallen!

Hei

Då er det klart for den store turneringa imorra. Totalt 29 lag vil spele på 6 baner frå starten klokka 08.15 til vi skal være ferdig med innledande kampar og plasseringskampar frå nr. 5 og nedover til klokka 16.

Kampoppsett finn du her:
http://www.cupassist.com/pa/vis_innbydelse.php?ib_id=1208

Reglement finn du her:
http://www.volleyball.no/SiteCollectionDocuments/Reglement%20mvgs%202011_2012%20versjon%202011_09_01.pdf

Semifinalar og finalar vert spelt i Nydalen Idrettshall frå klokka 17.15. Om dei laga dette gjeld har problem med transport frå Bjørnholt til Nydalen så meld dette så raskt som mulig til sekreteriatet i Bjørnholthallen.

Viktige punkt å få med seg er:
Ta med oppvarmingsballer
Ta med fløyter
Ta med liste som bekreftar at spelaren er elev på skulen.
Still i drakter/t-skjorter med nummer på.
Det er kun lov å spele på eit lag i turneringa (å spele på to lag fører til tap på w.o.)
Møt i tide til kampane. Planlegg at det er mykje trafikk. Vi har ingen mulighet til å flytte kampar då alle baner er i bruk heile dagen.
Setta starter på 0-0, 3 sett (to første til 25, evt. tredje sett til 15. Må vinne med 2 poeng i setta).
Varm opp utanfor banene uten ball, kampane starter fortløpande utover dagen (ingen tid til oppvarming på banene).
Ved tidsproblem utover dagen vil arr. måtte justere på kamptider (f.eksempel sett frå 10 poeng og opp).
I Nydalen er det parkering på betalte plassar utanfor Peppes Pizza. Bjørnholthallen har gratis, men litt begrensa antall parkeringsplasser.
6 beste lag i kvar klasse er kvalifisert for NM sluttspelet i Øystese 27.-29. januar 2012.
Kontaktnr. til sekreteriatet fredag er 911 96 537.

Velkommen til NM kvalik og Østlandsmesterskapet i volleyball for videregående skular fredag 25/11-2011!

Volleyballhelsing
John Walstad, Oslo Volley/teknisk arr.
post@oslovolley.org
www.oslovolley.org

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script