Oslo Volley best i byen!

Oslo Volley sin Ivan Ristic fekk gleda av å sette matchballen i gulvet på erkerivalen si side i søndagens oppgjer i F21.

Elite herrer søndag 16. oktober.
Oslo Volley – Koll 3-2 (25-23, 24-26, 25-19, 16-25 og 15-12).
Tilskuere: 60.

Oslo Volley drog i land ein sterk 3-2 siger mot byrivalen Koll i dagens oppgjer i F21.

I eit velspelt oppgjer var det Koll som kom best igang og var opp i både 19-12 og 21-14 før heimelaget starta ei soldi opphenting. Med henholdsvis Jan Erik Moen og Ivan Ristic på serve snudde heimelaget settet og vant 25-23.
I andre sett fortsette kampbildet som i slutten av første sett, heimelaget leia 8-3 ved første tekniske time-out. Koll snudde og var først til andre tekniske time-out med 16-15. Den tidlegare Oslo Volley profilen Øyvind Wergeland serva Koll opp i 22-19 og ein meget spenannande avslutning på settet enda med Koll siger 26-24. Dei to neste setta var ikkje like velspelte og spennande og enda med 25-19 til heimelaget og deretter 25-16 til Koll. Det var duka for eit forventa spennande 5.sett der heimelaget skaut ut frå startblokka og leia heile 12-7 før Koll tok time-out. Spelepausen såg ikkje ut til å hjelpe og heimelaget fekk sin første matchball på stillinga 14-7. Med Martin Aase Bahr på serve vart det likevel ny spenning i kampen og opphentinga varte heilt til 12 poeng før Oslo Volley sin serbiske kantspelar Ivan Risic banka angrepet hardt i gulvet på Koll si side.
3-2 til heimelaget og best i byen smakte godt for kaptein Henning Kjemperud og resten av laget. Med sigeren idag avanserte Oslo Volley til ein 5. plass på tabellen.

Benjamin Iversen debuterte for heimelaget idag. Den unge og meget talentfulle midtspelaren spelar i klubben på overbygningsavtale mellom  hovudstadslaget og den veldrevne Akershus-klubben Spirit Lørenskog. Ein særs vellukka debut vart det!

Henning vart igjen vår «mestscorande» med 25 poeng idag. Han hevder seg heilt i toppen på poengstatistikken i eliteserien og har no kun Kristiansund sin superveteran Kjell Arne Gøranson framfor seg. Forøvrig ledar spelande trenar Corey Cole blokkstatistikken med 18 poeng på 5 kampar. Ivan Ristic gjer det godt på servestatitikken med 10 poeng på kun 3 kampar.
Sjekk heile poengstatistikken her for eliteserien for menn og kvinner:
http://www.poengliga.no/

Sjekk tabell her:
http://www.cupassist.com/pa/serieoppsett.php?t=NVBF_SERIE_AVD588&k=LS588&p=1

Neste oppgjer for gutta vert i cupen kommande helg mot Holstad og OSI.

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script