6 poeng på vestlandsturen og tabelltopp for damelaget!

Oslo Volley til topps etter helgas serierunde!

 

Oslo Volley sitt kvinnelag imponerte stort i laurdagens oppgjer i Bergen. Etter å ha dratt i land eit spennande 1. sett med 26-24 vant bortelaget klart dei to neste setta. 3- seier mot eit BSI lag som er forventa å kjempe heilt i toppen denne sesongen er sterkt. I sundagens oppgjer mot Førde VBK i Naustdalshallen overraska det unge heimelaget med å vinne det første settet, dei tre neste vant Oslo Volley klart. 6 poeng og tabelltopp er fasiten etter helgas kampar. Neste helg ventar fjorårets seriemester UIS i Stavanger på våre jenter.

 

 

 

Foto: Johannes Andersen

Herrane våre tok overraskande første sett i oppgjeret mot Nyborg laurdag. Dei neste seks setta vart tap for våre gutter og dermed 3-1 og 3-0 til henholdsvis seriefavorittane Nyborg og Førde VBK. Neste oppgjer for herrane er heimeoppgjeret mot Koll om to veker.

Forøvrig leder Oslo Volleys Henning Olsen og Edyta Weclawek poengligaen.

Sjekk tabellar og poengliga her:
http://www.cupassist.com/pa/serieoppsett.php?t=NVBF_SERIE_AVD589&k=LS589&p=1

http://www.poengliga.no/

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script