Solid forsterkning til Oslo Volley!

Trenar Marko Milosevic og resten av Oslo Volley kan glede seg over at  Edyta Weclawek, 26,  er klar for klubben til kommande sesong. Den polske stjernespelaren var på prøvespel med klubben i slutten av mai og imponerte den dåverande trenaren Ole Martin Kleivenes som uttalte at dette er utan tvil den beste angriparen han har sett i norsk volleyball på damesida så lenge han har holdt på.

Oslo Volley vant underskrifta til Edyta bl.a. i kamp mot årets seriemestar UiS som også la seg inn i jakta på stjernespelaren.

Edyta Weclawek er ein gammal kjenning av Oslo Volley då ho så tidleg som i 2004 spelte mot klubben i Askvoll-turneringa der polske Czestochowa University deltok med sitt lag.

Vi ønsker Edyta velkommen i klubben. Oslo Volley fortsetter jakten på forsterkningar før årets sesong på både dame og herresida og fleire norske og utenlandske spelarar er på vei til klubben. Så snart avtalar er i boks vil vi presentere desse på vår nettside.

Edyta Weclawek forsterkar Oslo Volley kommande sesong.

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script