Serbiske Sladjana Mitrovic signerar for Oslo Volley.

Då kan Oslo Volley gledelig presentere den 24 år gamle serbiske kantspelaren Sladjana Mitrovic som ny spelar i stallen vår til kommande sesong.

Sladjana har dei siste åra spelt volleyball og utdanna seg ved Northwood University. På universitetet har ho hatt Full Volleyball Scholarship. I Oslo Volley vil ho jobbe i klubben som trenar og det er også venta at eindel  av våre samarbeidspartnerar vil gje ho jobb. Sladjana snakkar og skriv flytande engelsk etter sine år i USA.

Sladjana Mitrovic vil komme til Oslo i starten av august og er klar til sesongoppkøyringa frå starten av. Også polske Edyta Weclawek har signert for Oslo Volley som vi har meldt i ein tidlegare nyhet.

Trenar Marko Milosevic har dermed klart å få ein av sine landskvinner til stallen sin. Det er også klart at minst ein mannlig spelar frå serbisk toppdivisjon er klar for klubbens herrelag. Vi kjem tilbake til presentasjon av han snart.

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script