Nytt styre i Oslo Volley

Oslo Volley fekk nytt styre på årsmøtet onsdag, og samstundes fleire nye utval.

Leiar John Walstad er godt nøgd med styret klubben no har fått.

– Med den auka satsinga klubben gjer for tida både innan junior, senior, bredde, elite, veteran, sandvolley og sittevolleyball for funksjonshemma så er eg trygg på at vi har fått eit meget kompetent styre til å leie klubben vidare. At årsmøtet einstemmig vedtok klubbhandboka og ny organisasjonsplan med ei rekkje utval gjev oss eit godt styreverktøy framover, fastslår Walstad.

Les klubbhandboka HER

STYRET:

Leiar: John Walstad

Nestleiar: Nils H. Harnes

Økonomi: Dorota Dawidowicz (ny)

Styremedlemmar: Ellen Feen (ny), Ole Martin Kleivenes (ny), Ingvild Sørdal (opprykk frå vara), Henning Kjemperud Olsen (ny) og Darlene Austria (ny).

Vara: Daniel Bergerud (1. vara) og Bård Ketil Engen (3. vara).

SPORTSLEG UTVAL:

Ole Martin Kleivenes (leiar) og Ivar Fossen.

SPONSORUTVAL:

John Walstad og Rolf Lundberg. Her vil vi supplere med fleire medlemmar.

JUNIORUTVAL:

Ole Lundeby (leiar), Tore Nygaardsmoen, Nils H. Harnes, Einar Bye og Marianne Lunde.

WEBANSVARLEG:

Bård Ketil Engen.

KONTROLLUTVAL:

Mona Fossen og Marianne Lunde

VALKOMITE:

Mona Fossen. Ytterlegare ein person vil bli innhenta.

I tillegg vil vi rekruttere medlemmar til ein driftskomite for idrettshallar og eit arrangementsutval.

 

 

 

 

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script