Marko Milosevic vil føre Oslo Volley til topps!

HAR KLARE MÅL: Marko er tilbake i Oslo Volley, og skal løfte damelaget vidare oppover.

Oslo Volley er glad for å kunngjere at Marko Milosevic er klar som ny hovudtrenar for Oslo Volley sitt gulljagende damelag kommande sesong!

Serbaren har tidlegare vore spelande trenar for elite herrelaget i klubben, han har også spelt i Kristiansund og det siste året var han altså spelande trenar for Koll sitt herrelag.

Marko uttaler til Oslo Volley si heimeside at han gleder seg til utfordringa med å lede Oslo Volley til topps i eliteserien og at det også vert spennande å lede laget i Nordic League kommande sesong. Hovedmålet for Marko er å lede eit lag beståande av både unge talent og allerede etablerte spelarar i norsk eliteserie. Marko er alt igang med å samle sammen eit meget sterkt damelag og klubben har mange spennade spelarar både frå inn og utland på vei til kommande sesong. Marko og styret i Oslo Volley ønsker å ha dei fleste signeringar og forsterkningar på plass innan utgangen av denne månaden.

Klubben ønsker Marko velkommen tilbake til Oslo Volley og er overbevist om at vi no har fått på plass ein hovedtrenar som kan ta laget vidare og bygge opp eit godt treningsmiljø og med det ta klubben heilt til topps i norsk damevolleyball dei kommande sesongane.

Marko går forøvrig også inn som spelar for elite herrer i Oslo Volley kommande sesong.

Oslo Volley sine seniorlag vil ha tilhald i sentrale Nydalen Idrettshall som åpner 15. august!

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script