Flott 10. plass til Oslo Volley i NM

Oslo Volley feide dei to motstandarane Sveio og Matre av bana, men tapte siste mot Jølster på tie-break (17-25, 25-19, 11-15). No gler det unge laget seg til NM neste år.

Søndag formiddag slo laget Matre 2-0 (25-18, 25-14), men tapte altså kampen om 9. plassen mot Jølster, som dei slo under Blindheimscupen. Dermed blei det 10. plass av 14 lag.

– Laga frå 5. plass og ned til oss er på same nivå, så vi skal vere stolte av det gutta har prestert. Presset er større i NM enn det vi er vant med. No har vi vore igjennom det, og vi gler oss til neste NM. Kanskje topp 4 neste år, oppsummerar trenar Karl Johan Klokk.

Sju av dei ni spelarane kan spele NM U16 neste år også.

Oslo Volley tapte åttandedelsfinalen mot BK Tromsø hårfint: Settsiffer: 22-25, 25-22 og 15-17.

– Det vart for intenst. Vi prøvde, men denne gangen gjekk det ikkje. No er spelarane skuffa, var meldinga frå Bergen etter kampen.

Oslo Volley kom på andreplass i si gruppe i NM U16 gutar fredag. Mot Namsos blei settsiffra overbevisande 25-11 og 25-17. Dermed fekk Oslo Volley sin første seier i eit NM for juniorlag nokon gong. Seinare på fredagskvelden slo gutta Sveio 2-0 Namsos (25-18,25-23).

– Dei leda stort i begge setta mot Sveio, men dei rota bort 10-12 poeng i kvart sett, fortel trenar Karl Johan Klokk.

I den første kampen fredag fekk gutta det tøft. Rossvoll blei ei for hard nøtt å knekke for Oslo Volley sine NM-gutar. Dei tapte 2-0. Settsifra blei 25-16 og 25-9.

-Tøff åpning mot klubben som vann NM i 17-års klassa i år. Spelet var tidvis bra, men ein vanskeleg kamp mot høge gutar som slo hardt, rapporterar trenar Karl Johan Klokk.

NM U16 gutar                             NM U16 jenter

1. Rossvoll                                                1. Sortland

2. Spirit Lørenskog                                   2. Øksil

3. Strand Ulv                                           3. Hana

4. Førde                                                    4. Tambarskjelvar

5. Tromsø                                                 5. KFUM Stavanger

6. Randaberg                                              6. Skjetten

7. Koll                                                            7. Rossvoll

8. Øksil                                                           8. Holstad

9. Jølster                                                       9.Sveio

10. Oslo Volley                                        10. Førde

 

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script