Sterk siger over Stod!

Siste: Bilder oppdatert frå kampen Oslo Volley vs. Stod lørdag 5. mars: http://www.flickr.com/photos/17079401@N07/sets/72157626217068462/

Etter forrige helgs feilskjær med 0-3 mot Koll reiste damene seg med ein solid 3-1 siger mot medaljekandidat Stod i F21 laurdag. Etter tap i 1. sett hadde nord-trønderane lite å stille opp med mot Ingvild og co i dei tre neste setta. Dei tre poenga i laurdagens oppgjer vart oppskriftsmessig fulgt opp med 3-0 mot eliteseriens dumpekandidat NTNUI Gløshaugen. Ei tøff bortehelg mot UiS og BSI ventar om to veker før det vert klart om laget vert belønna med sølv, bronse eller i verste fall 4. plass i årets serie.

Sjå kva Stod si lokalavis, Trønderavisa, skriv om kampen her:

http://www.t-a.no/sport/article153929.ece

Herrelaget tapte 3-0 mot Førde VBK i Sunnfjord laurdag. Oslo Volley avslutter seriespelet med heimekamp mot Koll fredag 18. mars i F21. Ein seier her vil rette opp eindel av den tøffe sesongavslutningane som dei gjenståande spelarane har opplevd den siste månaden.

Resultat og tabellar her:

http://www.cupassist.com/pa/serieoppsett_public.php?t=nvbf_serie_1011_elite_damer&k=LS264&p=1

Vi har fått ein klubbfotograf som tar masse flotte bilder frå våre kampar. Takk Johannes Andersen for ditt gode bidrag. Du finn bilder frå fleire av elitelaga sine kampar i det siste på denne linken: http://www.flickr.com/photos/17079401@N07/ (Ute til høgre ligg det samla diverse volleyballkampar :-))!

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script