Serieavslutning i eliteserien og 1. divisjon.

Serieavslutning for elitelaga og 1. divisjonslaga i helga.

Elite herrer avslutter ein sesong der dei midtveis var på medaljejakt og til slutt havna heilt nede i dumpa sammen med BK Tromsø. Uten tre-fire sentrale spelarar på laget i dei siste kampane er det kun blitt settseier mot Randaberg i dei siste 5 kampane. Nyttig spelerfaring for dei unge spelarane i sesongens siste kampar har det vært, men altså lite poeng ut av det. Fredag klokka 20.00 avslutter dei sesongen mot byrival Koll i F21. Eit Koll-lag som heller ikkje har noko å spele for då dei er godt forankra på 4. plass i debutsesongen i elitserien. Så får vi sjå om våre unge gutter klarer å sette ringrevane på Koll på plass når det kun er æra å spele for.

Damer elite har til gjengjeld ei svært spennande serieavslutning framfor seg når dei reiser på Vestlandstokt. Seriemester UiS venter laurdag og BSI søndag. Med full uttelling her og eit feilskjær av Koll kan våre jenter snappe sølvet på oppløpssida. Uansett har damene våre igjen Grand Prix i Steinkjer neste helg også.

1. divisjon damer avslutter sesongen med Rankingturnering i Bjørnholthallen lørdag og søndag.

Vi ønsker laga våre lukke til med serieavslutning denne helga!

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script