Sandvolleyball framover for juniorar og elite 11/12 i Oslo Volley?

Oslo Volley hadde smash off med sittevolleyball i oktober 2010. Treningane har vore leda av Gabby og Nicole i vinter. Prosjektet vert vidareført sesongen 2011/2012.

I tida framover no legg vi planar for eit uttal sandvolleyballskular i Oslo for juniorar.

Sandvolleyballskulane skal ha faste ukentlige treningar i mai, juni og august og vert leda av topp kvalifiserte trenarar. Har du lyst å ha treningar på ei bane nær deg og har du fleire venner som vil være med så tips Oslo Volley om dette! post@oslovolley.org Då er muligheten stor for at vi vil gjennomføre trening akkurat i ditt nærmiljø i sommar!

Følg ellers med på vår nettside for meir informasjon om oppstart av treningane i sandvolleyball framover.

Husk også vår kombinerte volleyball og sandvolleyballskule på dagtid 15.-19. august. Meir info. om denne finn du HER (for medlemmar i Oslo Volley) og  HER (for ikkje-medlemmar). Volleyballskulen er allereie i ferd med å fyllast opp, så her gjeld det å vere rask!  Sjå også http://www.volleyball.no/Volleyball/Sider/BUSommerleir.aspx

Etter helgas Grand Prix der elitedamene vart nr. 4 har Oslo Volley sine elitelag avslutta sesongen 2010/2011. Ein sesong som ga damene gledelige sølvmedaljer i både serie og cup. Herrelaget møtte sin hardaste motstandar utanfor bana i form av dopingutestenging (for bruk av kosttilskot) av to viktige spelarar og eit armbrudd på oppleggaren som var henta ifrå Brasil for å løfte laget til toppen. Ein skuffande 6. plass i serien etter ein oppløftande første halvdel der laget slo alle lag utenom Nyborg. Sesongen ga også mykje verdifull kamptrening for det yngste herrelaget i eliteserien i siste halvdel.

Ein sesong som altså ga klubben mykje erfaring som vi skal bygge laga på framover mot sesongen 2011/2012. Denne erfaringa inneheld naturligvis også eit auka fokus på antidoping og farene ved bruk av kosttilskot.

Siste nytt i saka finn du her:
http://www.vg.no/sport/artikkel.php?artid=10099657

Med 5 utenlandske spelarar som klubben henta før årets sesong har vi hatt ein spennande sesong. Nicole, Gabby, Vitor, RJ og Mark har bidratt med totalt 3 heile stillingar som trenarar i Oslo Volley, både på junior og seniorsida. Også Sentrum VBK, Groruddalen VBK og Inter VBK sine seniorlag har nytt godt av våre utenlandske spelarar på trenarsida. Tilbakemeldingane på jobben dei har gjort som trenarar har vore eintydig positive. Vitor skal også ha ein stor del av æra for at vårt gutte16 lag har utvikla seg så bra at dei deltek i NMU16 i Bergen 8.-10. april. Dette er det første Oslo Volley laget som deltek i noko NM på juniorsida!

Fram mot sesongen 2011/2012 har klubben ambisjonar om at våre elitelag skal befeste sin posisjon i Norges-toppen. Til dette treng vi motiverte spelarar som tilskudd til klubben sine elitelag. Klubben sitt styre sammen med det sportslige apparatet rundt elitelaga er for fullt  igang med planar for kommande sesong. I årets sesong har klubben hatt god kvalitet på elitestallane, men vi ønsker å utvide kvar spelarstall til 12-14 spelarar. Spelarar både innenlands og utenlandsk vert kontakta i tida fram mot sommaren for å styrke våre spelarstallar. Klubben sin uttalte målsetting er å være best sportslig i norsk volleyball og å være med å sette sitt preg på nordisk volleyball. På sikt skal vi utvikle eigne elitespelarar frå våre junirostallar rundt om i Oslo og juniorlaga våre skal hevde seg i dei aldersbestemte NM som vert avvikla.

Skal du til Oslo kommande sesong og vil spele i Oslo sin største klubb så ta kontakt med oss på: post@oslovolley.org så raskt som mulig.

Nyt vårsola!

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script