Best i byen etter sølv i serien!

Ein thrilleravslutning i kvinnenes eliteserie i kampen om sølvmedalje endte med best tenkelig resultat for våre jenter! Byrivalen tapte 0-3 for BSI laurdag og Oslo Volley tapte 1-3 for seriemester UiS, dermed var det duka for avgjerande kamp i siste runde søndag.

Her tok våre jenter ein sterk 3-1 seier i Bergen mot eit godt BSI-lag. Ein time seinare var det klart att Koll hadde tapt 3-1 i Stavanger. Dermed var andreplassen sikra i serien som i cupen. Kun hardtsatsande UiS klarte å slå våre jenter i år. Eit UiS lag som pga. spelarmangel og manglande økonomi ikkje deltek i kommande helgs Grand Prix for elitelaga i Steinkjer. Eit Grand Prix som er sesongens høgdepunkt for våre jenter og der det ligg ca. 400 dugnadstimar spart i premiepotten om laget vinn 🙂 (dvs. 40.000 NOK til vinnarlaga).

Styret i Oslo Volley er stolt av resultatet elitedamene og Ole Martin/Dag Inge har oppnådd med begrensa økonomiske  ressursar. Eit solid arbeid på trenar og spelarsida har gitt oss dei resultata vi ønskte på veien mot å bli etablert som eit stabilt lag heilt i toppen av norsk eliteserie. Neste år ønsker vi å kunne gje UiS kamp om seriemesterskapet heilt inn til sesongavslutninga. Jobben dit er alt igang!

For herrane vart det 0-3 i serieavslutninga mot Koll. Med det tek laget pause, slikker sine sår, og kjem sterkt tilbake neste sesong med ein fulltallig spelarstall igjen. Antidoping gjer ein viktig jobb i norsk  idrett og dukka opp nok ein gang med dopingtest i Oslo. Fredag kveld var det 3 spelarar frå Oslo Volley og 3 frå Koll som vart testa etter kampen.

Sjekk NVBF sin kommentar om serieavslutninga her:

http://www.volleyball.no/t2.asp?p=4773&x=1&a=268735

Sjekk tabellar og resultat frå årets sesong her:

http://www.cupassist.com/pa/serieoppsett_public.php?t=nvbf_serie_1011_elite_damer&k=LS264&p=1

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script