To finaletap for juniorlaga

U15-jentene tapte finalen i 2. divisjon mot Asker, medan U13-gutta tapte bronsefinalen i U15-klassa.

U15-jentene kom altså heilt til finalen, der dei tapte 2-0 (25-11, 25-22) for Asker 1. På veg til finalen slo dei Valler, Skjetten Rød og Skjeberg Sort. Flott innsats!

U13 gutar stilte som vanleg med eit lag i U13- klassa og eit lag i U15-klassa. I U15-klassa viste dei flott spel, men tapte bronsefinalen 2-1 (25-18, 18-25, 15-11) mot Konnerud. Gutta som spelte bronsefinalen er fødd i 1998 og 1999. U15-klassa har spelarar fødd i 1996 eller seinare, så dei har fleire år igjen i klassa.

Laget i U13-klassa vann ingen kampar denne gongen, men fleire av kampane var jamne- mellom anna eit hårfint tap i tie-break. Flott innsats av alle gutta!

5.plass i U19

U17-jentene stilte med lag i U19-klassa søndag, og vann like godt tre kampar og tapte to. Det ga ein glimrende 5. plass i klassa. Dermed fikk dei faktisk betre plassering i U19 enn i U17, der dei kom på 7. plass i 1. divisjon laurdag. Det andre U17-laget tok 6. plassen i 2. divisjon U17-serien.

I U17 blei det 5. plass i gutteklassa, etter å ha tapt klart for Koll i gruppespelet og tap i ein jamn kamp mot Flint. I kampen om 5. plassen slo dei Askim 2-1.


Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script