Tøffe oppgjer for elitelaga lørdag!

Damene har eit nytt tøft oppgjer som må vinnast for å sikre sølvmedaljer i årets eliteserie. Koll ventar på si heimebane i Kringsjåhallen lørdag klokka 17.00. Laga har spelt tre innbyrdes oppgjer i eliteserien så langt og Oslo Volley har vunne to av desse.

I F21 møter herrelaget Randaberg klokka 17.00. Med Vitor ute med skade og to suspenderte spelarar så stiller herrelaget med eit ungt mannskap i serien framover. Rutinerte Gunnar Lindstøl og midtkjempa Ronald Joseph Goubeaux får mykje av ansvaret på bana og så er det ein gylden mulighet for dei unge spelarane til å benytte anledningen til å vise potensialet sitt som absolutt er tilstades framover. Laget har gjennomført ei god treningsveke og bør være betre førebudd til helgas oppgjer.

Klokka 15.oo i F21 på lørdag vil 1. divisjonsdamene våre møte Gjesdal. Det forholdsvis unge laget vårt har vist stor framgang under RJ sin veiledning og sjansen for seriepoeng er absolutt tilstades for Dorota og dei andre damene.

Følg eliteserien live her:

http://www.poengliga.no/

Sjekk tabellar og resultat her:

http://www.cupassist.com/pa/serieoppsett_public.php?t=nvbf_serie_1011_elite_damer&k=LS264&p=1

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script