Lysglimt frå elite herrer mot Randaberg, damelaget ned på jorda att.

Det nærmar seg slutten i årets eliteserie. Gullet er alt gått til Stavanger på damesida og Bergen på herresida. Damelaget vårt ville med seier mot Koll i helgas kamp hatt god kontroll på 2. plassen. Dessverre var det lite som fungerte for Ingvild og co. i Kringsjåhallen lørdag og laget tapte klart 3-0 for Koll. Med ein heller overraskande 3-0 siger til Stod mot UiS i trøndelag søndag falt våre jenter heilt ned til 4. plass. Med ein god sesongavslutning i dei 4. siste kampane har laget fortsatt gode muligheter for sølvmedaljer. Første hinder er medaljekandidat Stod i F21 kommande laurdag klokka 15.00.

For herrelaget var det ein oppløftande kamp mot Randaberg lørdag, dette sjølv om laget tapte 3-1. Poengmuligheten glapp når laget si solide 16-9 leiing i 3. sett vart innhenta. Nydisponeringa av mannskapet etter dei siste vekers herjingar i spelarstallen ga nesten full uttelling lørdag. Spelargleda og vinnarlysta var igjen på plass og spesielt RJ Goubeaux viste seg fram i ulike posisjonar framme ved nettet. Også Erlend Mæland fant seg godt til rette i sin andre kamp som oppleggar. Medaljehåpet brast for laget etter dei siste tre tapa, men den positive utviklinga for enkeltspelarane fortsetter. Til helga er det tur til volleyballens mekka før laget sesongavslutter i lokaloppgjer mot byrivalen fredag 18. mars i F21.

Sjekk resultat og tabellar her:
http://www.cupassist.com/pa/serieoppsett_public.php?t=nvbf_serie_1011_elite_damer&k=LS264&p=1

Sjå bilder frå kampen:

http://www.flickr.com/photos/17079401@N07/sets/72157626175847128/

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script