Skal kjempe om NM-deltaking

Oslo Volley stiller med tre lag i regionsmesterskapet for U16 i Rjukan i helga.

I gutteklassa stiller vi med vårt U15-lag, som til dagleg spelar i U17-serien. Alle på laget held alderen for U16. På jentesida stiller vi med eit lag frå U15-gruppa, og eit lag frå U17-gruppa.

Dersom eitt eller fleire av laga skulle lykkast, vil det vere første gongen Oslo Volley stiller i U16-klassa i NM. Vi ynskjer alle laga lykke til!

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script