Seier i Kristiansund sundag!

Mark Burik og co. tok ein meget overbevisande 3-1 seier i sundagens oppgjer mot Kristiansund. Med settsiffera 25-22, 25-21, 20-25 og 25-19 vart det tre poeng med i bagasjen til hovudstaden.

Mark Burik vart bortelaget sin mestscorande med heile 25 poeng i dagens kamp. Morsomt var det også at Jan Erik Moen fekk 3 blokkpoeng når laga lag jevnt i slutten av 4. sett. Oslo Volley er også glad for at ein gammal kjenning var tilbake i den raude drakta vår. Sigmund Wergeland har hatt 1 sesong i Holstad før han no er tilbake hos oss, Sigmund fekk 10 poeng i sundagens oppgjer!

Sjå heile poengligaen her:
http://www.poengliga.no/

Resultat og tabellar finn du her:
http://www.cupassist.com/pa/serieoppsett_public.php?t=nvbf_serie_1011_elite_menn&k=LS263&p=1

Neste oppgjer for elitelaga våre er alt laurdag 5. februar. Gutta skal på ein ny tøff bortetur, denne gang venter Nyborg i Bergen. Damene tek imot Koll til nok eit lokaloppgjer, F21 klokka 15.00 laurdag!

Oslo Volley er mektig imponert over Førde VBK denne helga som gjekk heilt til topps i Nordic League i Danmark. Bra for Førde VBK og norsk volleyball. Oslo Volley gratulerar Førde VBK med helgas seier!

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script