To Oslo Volley-lag i finalane

INTERNKAMP: Dei to U17-laga møtte kvarandre i 1. divisjon

I 15-årsklassa for gutar var det Oslo Volley-lag i begge finalane i helga: Oslo Volley Røa vann finalen mot Askim, medan U13-gutta tapte bronsefinalen mot Asker.

Dermed sette dei to laga sitt klare preg på US-runde 3 i Sylling. Oslo Volley Røa vann si pulje i gruppespelet, medan U13-laget kom på andreplass i si pulje. Dermed møttes dei to Oslo Volley-laga i semifinalen, som Oslo Volley Røa vann 2-0. Oslo Volley Røa vann finalen mot Askim på tie-break med knappast mogleg margin, medan i bronsefinalen vann Asker klart 2-0 over U13-gutta.

U13-gjengen stilte også med eit lag i U13-klassa, som viste mykje fint spel, sjølv om resultata i fleire jamne kampar bikka i feil retning. Flott innsats av Fredrik, Christian, Ole-Christian, Sindre, Viktor og Zain!

U17 jenter

Oslo Volley stilte for første gong med to lag i 1. divisjon. De endte på 7. og 9. plass. Det best seeda laget  (Oslo Volley Rød) brukte turneringa til å øve inn eit heilt nytt spelesystem. Det skapte litt forvirring, men vil vere ein fordel på sikt. Oslo Volley Rød tapte 1-2 mot Flint (13-15 i tie-break) og 0-2 mot Koll. I nedre sluttspel slo dei Oslo Volley lilla, og deretter Asker (2-1).

Oslo Volley lilla møtte finalelaget Skjetten, og tapte etter kraftig servepress. Mot Asker 2 i neste kamp blei det 1-2-tap (12-15 i tie-break). Så tapte dei mot Oslo Volley Rød og Asker 1.

U17 gutar

U15-gutane stilte som vanleg i U17-klassa, og dei tok ein fin 5. plass. Trenar Karl Johan Klokk fortel at berre uflaks gjorde at dei ikkje vann førstesettet i kvartfinalen mot Spirit, og då gjekk litt av lufta ut av gutta. Dei spela i periodar jamnt med dei beste, og spelte ut Skjeberg i kampen om 5. plassen. Skjeberg har tatt 5. plassen i dei to forrige turneringane, og det ser bra ut for sesongen vidare.

U15 jenter

U15-jentene var på Hamar, og spelte 2. divisjon. Det endte med ein fin 4. plass etter jamne kampar. Trenar Paul Hansen seier dei har potensiale til å vinne 2. divisjon.

SAMSUNG

U11

U11-spelarane stilte for aller første gong på turnering i helga. Eit guttelag og eit jentelag spelte mange spennande kampar mot ulike Koll-lag i F21 på Helsfyr, og dei ferske spelarane fekk også god tid til å bli betre kjent med kvarandre. Sjølv om motstanden frå meir erfarne Koll-jenter blei tøff, var det liten tvil om at spelarane koste seg

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script