Tøff juleavslutning i F21.

Mathias Bentsen spelte søndag sin siste kamp for herrelaget. Han vert her takka av spelande trenar Mark Burik for innsatsen i klubben i årets sesong.

Mathias Bentsen spelt søndag sin siste kamp for herrelaget. Han vert her takka av spelande trenar Mark Burik for innsatsen i klubben i årets sesong..

Oslo Volley tapte begge sine kampar i F21 denne helga. Topplaga Førde og Nyborg fekk begge med seg 3 poeng frå Helsfyr. Eit skadeskote Oslo Volley klarte å ta eit sett frå Førde VBK lørdag. Med ein redusert Mark Burik i begge kampar, RJ med overtråkk på lørdag og sto over søndag og rutinerte Gunnar Lindstøhl borte denne helga vart avstanden til topplaga for stor.

No ser Oslo Volley sine herrar fram til ein god måned ferie før neste kamp vert dobbeltoppgjer borte mot Kristiansund i slutten av januar. Kampen borte mot Koll som var satt opp 16. januar er flytta til fredag 18. februar.

Oslo Volley ønsker å takke Mathias Bentsen for tida han har tilbragt i klubben. Mathias har vore ein svært positiv bidragsytar rundt herrelaget vårt dei siste to sesongar. No flyttar Mathias til Kristiansand pga. sivil jobb, han fortsetter med volleyball i http://www.kristiansandsandvolleyballklubb.no/drupal/

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script