Stor juniorhelg for Oslo Volley

KLAR FOR NY RUNDE: U17-jentene spelar på Kringsjå på laurdag.

Oslo Volleys juniorlag er i aksjon i helga, med lag påmeldt i alle klassene frå u11 til U17.

Dei to U11-laga stiller for aller første gong i ungdomssereien på «heimebane» i F21 på Helsfyr laurdag. U13-gutta stiller eit lag i U13 og eit lag i U15 i Sylling på søndag. Der stiller også Oslo Volley Røa med eit lag i U15. U15 jenter stiller til turnering på Hamar. U15-gutta stiller som vanleg i U17-serien, og dei har turnering i Tønsberg hos Flint.

Oslo Volley har for første gong med to lag i U17 1. divisjon for jenter. Dei spelar i Kringsjåhallen i Oslo på laurdag, så her kan dei som vil heie fram jentene.

Her er kampane i gruppespelet for U17-jentene i Kringsjåhallen:

10.00: Skjetten – Oslo Volley Lilla

11.00: Oslo Volley Rød – Flint

11.00: Oslo Volley lilla- Asker 2

12.00: Koll- Oslo Volley Rød

Så går sluttspelet frå ca 13.30 og utover dagen..

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script