Førde og Stod opp på sølvplass

Førde rykte i helga forbi Randaberg i eliteserien for herrar etter full pott mot BK Tromsø. Om ei knapp veke møter dei Oslo Volley i F21.

Med settsifra 25-21, 25-12 og 25-16 dro Førde greit inn poenga mot BK Tromsø på heimebane i Førde.  Dei slo med det BK Tromsø to gongar på ei helg, og ligg eit poeng framfor Randaberg – med ein kamp mindre spelt.

Sjekk herretabellen HER

Herrelaget til Oslo Volley vann den første kampen mot Førde 3-2, då dei spelte mot kvarandre i første serierunde i september. Dermed blir det eit spennende revansjeoppgjer førstkommande laurdag. Førde har seks poeng meir enn Oslo Volley, som etter denne helga ligg på 5. plass.

Ned frå sølvplassen

Oslo Volley sitt damelag ramla i dag ned til 3. plass, etter at Stod slo BSI 3-0 og våre damer som kjent tapte for Koll laurdag. Eliteserien for kvinner tek no kampferie fram til midten av januar, medan Oslo Volleys damelag kan lade opp til cupfinalen 8. januar.

UiS slo NTNUI klart 3-0 i den andre kampen på kvinnesida i dag, og styrka si sterke leiing ytterlegare.

Sjekk dametabellen HER

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script