Snipp snapp ute av Nevza Club Championship 2010/2011.

Oslo Volley rauk ut av Nevza Club Championship med begge våre lag i helga. 1 seier av 5 mulige var i underkant av kva vi håpte på, men god matching i alle kampar gjer forhåpentligvis laga våre betre istand til kampane i heimleg serie og cup denne sesongen.  

Damene tok sett både frå forhåndsfavoritten UiS og puljevinnaren Lindesberg. Meir stabilt spel og færre feil vil føre til at våre jenter absolutt kan ha ein reel mulighet til å slå Stavanger-laget seinare i sesongen. I gruppespelet sin siste kamp mot danske Odense tapte jentene dei 2 første setta for så å snu kampen og vinne 3-2.

Herrane våre tok turen til Linkøping og tapte her 1-3 mot puljevinnaren Linkøping og 0-3 for Gentofte.

Av sju norske lag er det overraskande nok kun Førde VBK frå Noreg som går vidare til finalerunden i Nevza Club Championship i år.

Sjekk resultat her:
http://nevza.com/final-results-group-stage-ncc/

Kommande helg er laga våre igjen i aksjon på heimebane i F21. Fredag klokka 16.15 møter damene Tromsø Volley og klokka 19.00 møter herrane BK Tromsø, begge kampar er NM kvartfinale.

Lørdag er det seriekampar i F21. Mona og co. mot NTNUI klokka 15.00 og Henning og gutta møter Kristiansund klokka 17.00.

Søndag er det duka for eit skikkelig revansjoppgjer for damene mot Stod Volley. I serieåpninga vant nord-trønderane 3-1 mot våre jenter, etter det har Oslo Volley heva seg betraktelig. Topp-oppgjeret mellom Oslo Volley og Stod ser du i F21 søndag klokka 13.00.

Sjekk cupoppsett her:
http://www.cupassist.com/resultater/vis.php?turn=nm_senior_2010-2011

Og serietabellar her:
http://www.cupassist.com/pa/serieoppsett_public.php

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script