Nok ei stor volleyballhelg framfor oss i F21!

SISTE:  Begge Oslo Volley sine lag klar for semifinalen i NM!

Oslo Volley slo Tromsø Volley (kvinner) og BK Tromsø (menn) klart 3-0 i fredagens kvartfinalar i F21. Vi kjem tilbake med meir etterkvart!

Med to elitelag og stor aktivitet ellers i klubben kan vi igjen invitere til ei stor volleyballhelg i F21 på Helsfyr!

Heile 5 kampar kan du sjå med våre elitelag denne helga! Fredag er det kvartfinalar i NM der begge våre elitelag får besøk av lag frå det høge nord. Damene møter Tromsø Volley klokka 16.15 og herrane møter BK Tromsø klokka 19.00. Innimellom desse kampane håper vi å få til ei treningsøkt med den nye sittevolleyballgruppa i klubben.

Lørdag er det trening for talentgruppene våre før damene møter NTNUI Gløshaugen klokka 15.00 og herrane følger opp med eit tøft oppgjer mot Kristiansund klokka 17.00.

Søndag møter damene Stod til toppoppgjer klokka 13.00.

Vi har også gleden av å ønske Volley-Nor velkommen til salgsstand i F21 lørdag klokka 13.30-17.30. http://www.volleynor.no/

Oslo Volley har også inngått ein samarbeidsavtale med http://www.condis.no/ Representantar frå dei vil være tilstades i hallen store delar av helga og vil blandt anna dele ut kule gavekort på trening til publikum!

VELKOMMEN TIL VOLLEYBALL I F21 FREDAG, LØRDAG OG SØNDAG!

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script