Stor volleyballhelg i F21!

Alt for Oslo Volley. F.v. Inga Priedniece, Latvia, Gabielle Pecora, USA, Nicole Ban, Canada og Anne Schwinghammer, Tyskland. FOTO: METTE BUGGE

Vi går ei stor volleyballhelg i møte i F21 på Helsfyr denne helga. Lørdag har klubben kick off på klubben si nye storsatsing med sittevolleyball for funksjonshemma, dette skjer frå klokka 13 og fram mot elitekampen mellom Oslo Volley og BSI som startar klokka 17. Like etter damene sin kamp skal herrane i ilden i eit tøft cupoppgjer mot 1. divisjonslaget Bø som forsterkar laget med fleire tidlegare elitespelarar til denne kveldskampen i F21 på laurdag.

Søndag tek Gabrielle, Nicole og co. imot fjorårets seriemester UiS (Stavanger) til kamp klokka 15. Eit skikkelig storoppgjer i damenes eliteserie der vi får sjå om nokon kan hamle opp med det hardtsatsande laget frå oljebyen. Om nokon skal kunne gjere det denne sesongen må det jo være Oslo Volley i vår nye storstove F21.

Det vert cup også søndag. Klokka 12 er det mulig å sjå Askim vs. Spirit. Vinnaren i den kampen møter vinnaren av Oslo Volley vs. Bø klokka 17. Alt dette skjer altså i F21 denne helga.

Ta turen innom då vel….

Aftenposten har ei stor sak i dagens papir og nettutgåve om «Utlendingsboom» i norsk volleyball. Oslo Volley er senter for reportasjen.

Sjekk meir her:
http://www.aftenposten.no/nyheter/sport/article3867408.ece

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script