Sittevolleyball-suksess i Oslo Volley på første treninga!

Desse deltok på oppstart av sittevolleyball i klubben laurdag 23. oktober 2010.

Laurdag 23. oktober var ein historisk dag i klubben. Oslo Volley starta sittevolleyball for funksjonshemma med eit nesten 3 timar langt kick off i F21!

Totalt 7 utøvere møtte opp og sammen med 5 instruktørar frå klubben hadde dei ei meget god treningsøkt på ca. 75. minutt. Etterpå vart det kaffe, brus og vafler sammen med spelarar frå elitelaga. Her informerte klubben om tilbudet og vi vart enige om at den faste treningstida for sittevolleyball vert fredag klokka 16.30-17.45 i F21. Trenarar vert Nicole Ban og Gabrielle Pecora.

Under åpninga av prosjektet hadde vi besøk av Mette Berg frå NVBF Region Øst, Vigdis Bente Mørdre som er fagkonsulent idrett for funksjonshemmede i Norges Idrettsforbund og tidlegare landslagstrenar for sittevolleyball-landslaget Harald Karlsen var også der. Harald var instruktør på kurset i sittevolleyball som klubben sine instruktørar deltok i sist onsdag.

Oslo Volley takker spesielt NVBF v/Mette og NIF v/Vigdis for all hjelp i samband med oppstart av sittevolleyball i klubben. Vi ser fram til treningane framover vinteren og ønsker fleire velkommen på desse!

For spørsmål og informasjon om tilbudet kontakt oss på post@oslovolley.org eller mobil til leder 911 96 537.

Sjå også reportasje på forbundets nettsider om oppstarten:
http://www.volleyball.no/regionalt/t2.asp?p=5427&x=1&a=267334&siteid=223305

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script