Seier til elitelaga i serie og cup!

Oslo Volley – BSI 3-2 (22-25, 25-20, 25-15, 23-25, 15-4)
60 tilskuere.

Oslo Volley slo BSI i eit oppskriftsmessig tett og spennande oppgjer i F21 i ettermiddag.  Begge lag var prega av høgt spenningsnivå, og kampen svinga i perioder veldig mellom dei to laga.

I siste sett fekk Oslo Volley parkert all motstand etter god serving og vakne overgangsballar.

På poengstatistikken var Gabby Pecora mestscorande for Oslo Volley med 24 poeng.

Oslo Volley møter UiS i morgon heime i F21 klokka 15.00. UiS slo byrival Koll 3-0 i dag og har nok ingen planar om å reise frå Oslo med eit tap i kofferten. Men, det har ikkje Oslo Volley heller, så game on!

Og herrane hadde små problem med å sette til veggs 1.divisjonslaget Bø i cupen lørdag. Ein klar 3-0 seier i dagens kamp betyr at det vert ny kamp også for herrane søndag i F21. Klokka 12.00 spelar Askim mot Spirit i F21. Klokka 17.00 møter vinnaren i den kampen Oslo Volley.

Velkommen til kamp!

AVSLUTNINGA PÅ THRILLER-KAMPEN OSLO VOLLEY – BSI

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script