Gigantoppgjer på damesida i F21 laurdag 10. oktober.

Ole Martin og jentene er klar for laurdagens storoppgjer mot byrivalen. Er du?

SISTE: Oslo Volley – Koll 3-0!!! (25-19, 25-18, 25-16).

Oslo Volley satte Koll på plass med ein overbevisande 3-0 seier i vårt nye fort F21.

Vi kjem tilbake med meir etterkvart.

Det brakar laus i F21 når erkefienden Koll inntek vår nye heimebane F21 laurdag klokka 15.00.

Begge lag har mista viktige og sentrale spelarar frå forrige sesong i heimelagets Ragnhild Aas og Koll sin meget sentrale Johanna Kløvfjell. Oslo Volley har forsterka seg med 4 utenlandske spelarar i Anne Scwinghammer (Tyskland), Nicole Ban (Canada), Gabby Pecora (USA) og Inga Priednice (Latvia). Koll vil måtte sette sin lit til Eydis Dalen og Maria Moen Storøy.

Laga møtest i Knallecupen i Borås i september, der tok Oslo Volley første stikk med 2-0 seier.

Oslo Volley starta sesongen med 1-3 tap mot Stod og 3-0 seier mot NTNUI i Trondheim forrige helg. Koll vant 3-0 mot NTNUI i sin første kamp.

Velkommen til F21 (Fyrstikkalleen 21, nye skulen på Helsfyr) laurdag klokka 15.00.

NB! Herrelaget reiser til Bergen laurdag og spelar mot fjorårets seriemester Nyborg. Kampen går klokka 13.00.

Du kan følge kamputviklinga i alle elitseriekampar her: http://www.poengliga.no/

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script