Seier mot Førde i første kamp for herrane!

Oslo Volley – Førde VBK 3-2 (25-17, 18-25, 25-21, 25-21, 15-10).

F21/Helsfyr søndag 26. september. ca. 120 tilskuere.

Dommarar: Svein Kåre Melbø og Jens Olav Rydningen.

MVP Oslo Volley: Mark Burik 20 poeng.

MVP Førde VBK: Jon Arnesen 22 poeng.

Oslo Volley fekk ein god start på sesongen med 3-2 over fjorårets runner-up i elitserien. Heimelaget med eit sterkt internasjonalt innslag med spelarar frå USA, Brasil og Polen på laget og ein svært god diagonal i Henning Kjemperud Olsen frå Hønefoss fekk ein god start på kampen med 25-17 i 1. sett på parketten i F21.

Litt uforståelig slapp Oslo Volley bortelaget inn i kampen igjen med å tape 18-25 i andre sett. Det skal seiast at sunnfjordingane spelte eit svært solid 2. sett og Nils Numme lukkast med ei god serverekke i starten av settet som sendte bortelaget rett i ei 7-poengsleiing.

I 3. sett var det Oslo Volley med spelande trenar Mark Burik på serve som starta best, 6-0 er ein ledelse som er vanskelig å ta att mot heimelaget sin stabilt gode side-out. 25-21 og dei fleste av publikum forventa no at heimelaget ville ta heim også det 4. settet.

Førde VBK ville det annleis. Laga følgte kvarandre som skuggar fram til 21 poeng. Der vart det stopp for heimelaget og Førde med lagets MVP Jon Arnesen på serve tok 4 strake poeng og settet med 25-21.

Eit spennande 5. sett sto for døra. Men etter at laga sto likt på à 3 sa Oslo Volley takk for følget. 8-5 ved sidebytte vart til litt spenning igjen på 11-9, men med Henrik Bjørnholt på serve rodde heimelaget iland 2.poeng i årets første kamp. Førde VBK gjekk i helga på tap 2-3 både i Tromsø og i Oslo. Med Geir Eithun og  litauiske Mantas Belaglovis på plass seinare i haust er nok sunnfjordingane igjen å finne i toppen.

På Oslo Volley spelte Henning Kjemperud Olsen svært godt mot sine tidlegare lagkameratar i Førde.

Spelande trenar Mark Burik setter høge krav til sine spelarar i år og har følgande kommentar til årets sesongstart:

The season will be long and we have a lot to learn. The players are trying to learn a new system and are eager to get better. We are still adjusting to the new system but everyone is definitely getting better one step at a time. We are not even close to being the team we will be in a few months and Oslo Volley showed that we can fight hard. It will be a very exciting season to watch because we are going to get better every week. Henning and Daniel have really been working hard on their blocking and it showed during the match today.
Neste kamp for gutta vert borte mot Nyborg 9. oktober.
Sjekk resultat og tabellar her:
Sjekk Førde VBK si heimeside her:
Aktuelle media til kampen (burde iallefall vært det….):

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script