Oppstart alle seniorlag!

Gabrielle, Vitor og Nicole (frå venstre) hadde forrige veke sine første treningar for Oslo Volley juniorar. Denne veke starter alle seniorlaga i klubben opp sine treningar.

Kommande veke er treninga i full gang for alle våre seniorlag.

Denne veka er det åpne treningar for alle som vil prøve seg i klubben.  Vi ønsker at nye spelarar som vil prøve seg sender ein kort mail til post@oslovolley.org Skriv kort om evt. tidlegare volleyballerfaring, kva posisjon du har spelt. Du kan også kontakte klubben ved leder på tlf. 911 96 537.

Er du tidlegare volleyballspelar eller kun har lyst å trimme deg i form med verdas kulaste sport så har vi treningsparti for vaksne på Kastellet Skole onsdag, Bogstad Skole onsdag og Stig Skole (bydelstrim Stovner) mandag.

Du finn alle treningstider og all informasjon du treng for påmelding under lagsidene til venstre.

NB! Legg merke til klubben si fellestrening på mandagar klokka 20.30-22.30 i F21/Helsfyr. Her vil vi spele miniturnering på tvers av alle lag i klubben. Denne treningar starter først opp mandag 13. september.

Trenarar for klubben sine seniorlag og mange av juniorlaga er utenlandske elitespelarar:

  • Vitor Macedo (Brasil),
  • Mark Burik (USA),
  • Nicole Ben (Canada) og
  • Gabrielle Pecora (USA)

Seniorlaga i klubben vil ha ein stor del av sin aktivitet i ny idrettshall på Helsfyr, F21.

Hallen ligger svært sentralt uansett kvar du bor i Oslo. Du kan ta T-bane (linje 1, 2, 3 og 4) eller buss til Helsfyr stasjon som er 5 minutters gange frå hallen. Alternativt kan du ta t-bana til Hasle (10-15 minutt gange) Mange busser stopper på Helsfyr og Fyrstikktorget. Velg trafikanten.no og se kva muligheiter du har!

Hallar/skular Oslo Volley er i  sesongen 2010/2011:

Velkommen til Oslo Volley sesongen 2010/2011.

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script