Nyttig gjennomkøyring for elitelaga på Knallecupen.

Damelaget vart nr. 6 i damer elite etter å ha spelt seg stort opp i turneringa etter ein famlande start lørdag. I søndagens oppgjer mellom tigerjentene og byrivalen frå vest i byen tok damene våre første stikk med 25-20 og 25-14 i sett. I søndagens andre kamp vart det tap mot Ørebro.

Sjekk elitedamene sin eigen blogg her: http://oslovolley.blogg.no/

Mark Burik og herrelaget spelte seg stort opp utover i turneringa. Det vart eit knepent tap for turneringsvinnarane RIG i semifinalen. I bronsefinalane hevna guttane lørdagens tap mot danske Hvidovre og slo dei med 2-1.

Kommande søndag serieåpnar herrer elite med heimekamp mot Førde VBK i F21 på Helsfyr. Kampen går klokka 13.00. Benytt anledningen til å sjå Oslo Volley sitt nykomponerte mannskap i sesongens første heimekamp kommande søndag.

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script