Elitelaga med sesongførebuing i Sverige!

Spelande trenar for Oslo Volley Mark Burik var fornøgd med semifinaleplass i Knallecupen etter lørdagens kampar i Borås.

Denne helga er begge våre elitelag i Borås i Sverige og deltek på den tradisjonsrike Knallecupen.

Lørdagens resultater var oppløftande for herrane med ein seier og to knepne tap. Herrelaget har dermed kvalifisert seg for øvre sluttspel søndag og får verdifull matching før neste helgs serieåpning heime i F21 (Helsfyr) mot Førde VBK søndag klokka 13.00. Den nyansatte og meget offensive amerikanske trenaren Mark Burik var fornøgd med å få prøvd ut laget i helgas kampar og tok kvalifiseringa til søndagens semifinale som ein meget hyggelig  -om enn ikkje overraskande – nyhet på kveldens bankett.

Damelaget vant også ein av tre kampar. Trenar Ole Martin Kleivenes kommenterer at laget i starten var usikre på systemet som han ønsker å innprente i den forholdsvis nye spelargruppa. Etter to kampar med eindel usikkerhet viste laget styrke i sin siste puljekamp med å slå det svenske storlaget Ørebro med 2-1. Damene spelar søndag om 5-8. plass i turneringa der 12 damelag deltek. Damene serieåpner i Trondheim først om to veker.

ieåp

Følg turneringa her: http://www.ikymer.se/

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script