Klart for stor volleyskule på Ekeberg

LÆREMESTEREN: Marcello Penner er hovudinstruktør på den fem dagar lange volleyballskulen i Ekeberghallen og på Ekebergsletta. FOTO: JOHN WALSTAD

30 unge volleyballspelarar skal vere med på Oslo Volleys store volleyballskule på Ekeberg i heile neste veke.

Hovedinstruktørar blir brasilianske Marcello Penner, som har trena fleire av dei beste sandvolleyballaga i verda. Med seg på laget har han elitespelarane Janne Bekkum og Ingvild Sørdal, og juniorspelarane Hedda Engen og Trygve Nøst Bergem.

Spelarane skal trene innandørs volleyball i tre dagar og to dagar på sand. Her vil mange av juniorspelarane frå Oslo Volley og Kolbotn få ein knallbra start på sesongen.

Eller som ein av Oslo Volleys juniorspelarar skriv på sin Facebook-profil søndag kveld:

«Trening mandag, tirsdag, onsdag, torsdag og fredag……. DIGG!»

Han er ein av fleire spelarar som også var med på region Øst sin sommarleir på Hamar i forrige veke!

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script