Turneringsoversikt for neste sesong

I september er det klart for ny seriestart. Regionen har no bestemt kor dei fleste rundane i Ungdomsserien og rankingane skal spelast.

Det heile startar 18. – 19. september når  Oslo Volley, med hjelp frå Koll,  skal arrangere Ranking 1/NM i Bjørnholthallen. 25.-26. september er det gallaturnering i Ungdomsserien i Tønsberg.

I oversikta er det også sett opp nye klassar for ungdomsserien. U12, U14 og U16 er skifta ut med U11, U13 og U15. Det er imidlertid ikkje endeleg avgjort om det vert nye klassar. Regionen ynskjer det og er i dialog med Volleyballforbundet i saka.

Oppsettet kan du sjå her: Turneringar

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script