Stadig fleire på volleyskulen

20 juniorspelarar er til no påmeldte til Oslo Volley sin eigen volleyballskule i august, men framleis er det mange ledige plassar.

Oslo Volley arrangerer volleyballskule 16. til 20. august. Tre dagar innandørs i Ekeberghallen, og to dagar ute på sand. Vi får topp instruktørar, med Ingvild Sørdal frå damer elite i spissen.  Til no har 9 jenter og 11 gutar i alderen 10-16 år meldt seg på, men vi har plass til 16 til.

Vi oppfordrar fleire til å melde seg på. Dette blir ei ypperleg oppkjøring til neste innandørssesong, og til sandvolleyballturneringa Oslo Volley Open som vi planlegg 28. og 29. august.

Prisen for volleyskulen er berre 800 kroner for heile veka. Meir info og påmelding HER

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script