Tøffe borteoppgjer for elitelaga i helga.

OsloVolley sitt herrelag reiser søndag til bortekamp mot årets cupfinalist Randaberg. Marko og co. kjemper for å halde Kristiansund og BK Tromsø bak seg, men har fortsatt ein matematisk mulighet til bronsemedalje i årets serie. Første steg vert uansett å slå Randaberg søndag. I årets tre tidlegare oppgjer mellom laga har det endt med 3-1 seier til Oslo Volley på heimebane og 2-3 tap i det andre heimeoppgjeret og 1-3 tap borte.

Damene reiser til trøndelag og har dobbelt-oppgjer mot Stod og NTNUI. Oslo Volley har slått NTNUI 3-0 i alle dei tre foregåande oppgjera i serien denne sesongen. Stod-jentene overraska alle med ein god start på sesongen der dei blandt anna slo nettopp Oslo Volley med 3-2 i hovudstaden. Etter dette har Ragnhild og co. vunne begge oppgjera mot nord-trønderane med 3-0. Det er likevel venta nok eit tøft og jevnt oppgjer søndag hos laget med eliteseriens beste arrangement! Med seier i begge oppgjera i helga legg Oslo Volley igjen press på BSI i kampen om bronsemedalje i årets serie.

Følg kampane live på www.poengliga.no

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script