Oslo Volley sikra 4. plass i årets eliteserie for menn.

Oslo Volley sitt herrelag ville med seier i ein av dei to kampane borte mot Kristiansund i helga sikre 4. plass i årets eliteserie, laget kunne også tatt bronsemedalje med seier i begge kampane om BK Tromsø hadde slått Randaberg lørdag. Spelande trenar Marko Milosevic og resten av laget viste ingen nåde med Kristiansund laurdag og vant 3-0, Randaberg slo samtidig  BK Tromsø 3-2. Beste poengplukkar for Oslo Volley vart nok ein gang Alexander Jacobsen, 13 poeng i denne kampen. 4. plassen i årets serie er sikra, denne plasseringa vil mest truleg også kunne gje innpass i neste års Nordic League spel for eit hardtsatsane elite herrelag.

I søndagens oppgjer vant Kristiansund over Oslo Volley med 3-0. I Alexander sitt fråvær i søndagens kamp vart Henrik Bjørnholt vår beste poengplukkar med 9 poeng.

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script