Oslo Volley søker elitelisens for sesongen 2010/2011

Eindel av desse blir nok å finne på Oslo Volley sitt elitelag framover dei neste åra.

Oslo Volley sitt styre vedtok på styremøte 24. mars å sende inn søknad for elitelisens for begge våre elitelag for sesongen 2010/2011. NVBF sin frist for å søke om deltaking til neste sesongs eliteserie går ut 1. april.

Styret i Oslo Volley gjennomførte på samme møte samtalar med trenarar for elitelaga, Marko Milosevic og Ole Martin Kleivenes, med tanke på førebuingar til neste sesong. Klubben  intensiverer alt no jakta på forsterkningar til begge elitelaga før neste sesong. Vi ser både innenlands og utenlands i denne sammanheng. Oslo Volley ønsker unge, treningsvillige spelarar som kan være med å utvikle klubben sine topplag til å hevde seg heilt i toppen i nordisk klubbvolleyball dei kommande sesongane.

Oslo Volley sitt damelag i 1. divisjon vart nr. 3 i årets serie. Vi søker også her unge spelarar som vil utvikle seg i eit godt volleyballmiljø. Klubben har eit tett samarbeid på damesida mellom elitelaget og 1. divisjonslaget. Om du har lyst å gå gradene frå eit av Norges beste lag i 1. divisjon til å bli elitespelar er Oslo Volley klubben for deg.

Foruten våre tre lag i forbundsseriane har vi lag i 3. divisjon for både kvinner og menn. Frå kommande sesong vil vi ha ei auka satsing på desse laga i klubben og vi søker etter spelarar som vil bli betre og trene meir enn det som er vanlig for lag på dette nivået!

Har du lyst å prøve deg i Oslo Volley? Ta kontakt med klubben på post@oslovolley.org Skriv ein kort volleyball cv i mailen til oss.

Alle våre seniorlag deltek på  http://www.ekebergcup.uio.no/ 15.-16. mai. Her vil det bli aktuelt for spelarar å prøvespele på våre lag.

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script