U14 tok tredjeplassen i U16

SLO TIL: Frå venstre bak: Emil, Adrian, Patryk og Erlend. Framme: Aksel og Stian.

U14-gutta, forsterka med Adrian frå U16, tok ein sterk 3. plass i U16-klassa i Fredrikstad laurdag.

Fire av dei seks gutta er underårige i klassa, og det lovar godt for neste år når dei rykkjer opp til U16 for alvor. Dei har vore i ei eiga klasse i U14 heile sesongen, og har no altså tatt steget opp til å vere mellom dei beste i U16.

– Ei kjempeturnering, fastslår trenar Karl Johan Klokk.

I semifinalen møtte dei Koll, som vann sonemesterskapet for Austlandet nyleg. Koll vann 2-0, men settsifra 25-19 og 25-20 viser at Oslo Volley-gutta beit godt frå seg. I bronsefinalen feide dei Askim av bana 2-0, med såpass klare settsiffer som 25-18 og 25-8.

Spread the word. Share this post!

Powered by Moblie Video for WordPress + membership script